Jazz , blues, pop, soul ........
Eit intenst år for elevane på Musikk-live-linja og Singer/songwriter-linja ved Seljord Folkehøgskule er snart over, og elevane saman med lærarane Marit Lien Homme, Kjetil Flatland og Vidar Ytre-Arne inviterer til Vårkonsert på Granvin Kulturhus onsdag 18.april kl. 19.00. Her vil dei presentere mykje av det dei har halde på med dette året. Det blir ein konsert i mange sjangrar - jazz , blues, pop, soul og sjølvlaga låtar og tekster. Det er ei glede å presentere desse musikalske talenta i samspel i større og mindre grupper.