GLUGGJAKT
Valgfaget Jakt og Fiske avslutta faget med gluggjakt på rev og reven kom! ![]()
15 jenter og gutar har vore med på valgfaget Jakt og Fiske. Det har vore stor aktivitet innan fiske, våpenhandtering og lerdueskyting. Elgjakt og rådyrjakt har vi sjølvsagt fått med oss. Punktum vart satt med revejakt dvs. gluggjakt. Kort fortalt så sit ein godt og varmt i eit lite rom, ser ut på eit åte som ligg 20 meter fra der du sit og så er det bare å vente. Etter 3 nettar kom reven og då sa det pang. Eirik var heldig for han hadde vakt då reven kom. 
Fornøgd "jaktlag", Thea, Jorun, Eirik og Jonathan
Thea på vakt med hagla klar
Jorun og Jonathan gjer seg klar for å sove nokre timar før dei har si vakt
Seljord Folkehøgskule
Jakob Naadlandsveg 33, 3840 Seljord
Tlf: +47 35 05 80 40 / Fax: +47 35 05 80 41
E-post: kontor@seljord.fhs.no

