Ekspedisjon Vindeggen

Gjengen 

 

Fantastiske dagar i høgfjellet med barfrost, islagte vatn, strålande sol, sovepose og telt, vanvittig utsikt og ikkje minst – topp motiverte og glade elevar.




Gjengen

Etter ein heller fuktig haust slo det til med knallvær då Ekspedisjon Vindeggen starta. 3  dagars fottur med overnatting i telt midt i november i  12-1300 meters høgde kan by på store utfordringar, men dette vart litt av ein tur. Maken til gunstige forhold er det ikkje ofte ein opplever. Totalt 16 stk la i veg frå  Skinnarbu med kurs for Vindeggen, 1516 moh og med mega utsikt. Etter 3 dagar endte vi opp i Svartdal etter å ha gått gjennom Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde.

Camp

Tidleg morgon i campen med Gaustadtoppen i bakgrunnen

Helleskartjnni

Stålis på Helleskardtjønni og med Brattefjell, 1541 moh (høgaste toppen i Seljord) i bakgrunnen.

Fokus

Kamilla, Malene og Eirik på ryggen mot toppen av Vindeggen. Tunga beint her.

Fugleberget

Rett før toppen no!

Dugurd_p_Vindeggen

Dugurd på toppen og med panoramautsikt (Gaustadtoppen bak)

Luftig_svev

Jorun i luftig svev


Inntense_fargar

Intense fargar i novembersola

Finalen

Turen vart sjølvsagt avslutta med ein flott solnedgang over Svartdalsheiane

Share on Myspace

Skoleruta

viskalender

 

Seljord Folkehøgskule
Jakob Naadlandsveg 33, 3840 Seljord
Tlf: +47 35 05 80 40 / Fax: +47 35 05 80 41
E-post: kontor@seljord.fhs.no