FANTASTISK SAMLINGSKVELD
Friluftsliv Himalaya hadde ansvaret for samlingskvelden laurdag 3.desember og for ein kveld det vart – terningkast 6 + +. Ramma for kvelden var eit storslagent bryllup der Ingrid og Petter fekk kvarandre til stor jubel frå familie, venner og andre prominente gjester.
Friluftslivgjengen på scena med motto: Her er det bare å hive seg utpå
Friluftslivgjengen hadde jobba intenst i 3-4 dagar for å få alt klart til årets bryllup. Mat i mange variantar med 3 etasjer bryllupskake som den store høgdaren. Alle gjestene hadde fått ulike roller og det vart verkeleg teke på alvor. Ikkje minst var brudeparet utruleg gode og «de var da så søte». Talelista var lang og med utruleg kreative og gode taler. For å få stemningen opp endå nokre hakk, køyrde friluftslivgjengen sceneshow. Her fekk dei ulike linjene sjå seg sjølv gjennom kunstnariske tolkingar. Lattermusklane fekk verkeleg noko å jobbe med og det var fantastisk moro å sjå at alle tok rolla si på alvor og bidrog til at kvelden vart så vellukka. 6 timar med full rulle er berre heilt topp.

Brudeparet, Ingrid og Petter, får ringane på med ein særs blid Jørgen Prest i bakgrunnen
90 gjester skal finne plassen sin
Forlover Solveig i gang med talen sin og her var det mange gullkorn
Full konsentrasjon når bryllupskaka skal matast til kvarandre
Høg stemning på dansegolvet
Lene og Kjetil i ein slags dans – noko krokete i knea
Dramatikk då eksen til brudgommen kom med kul på magen og gravøren viser seg å være nettopp brudgommen
Friluftsliv si tolking av 21 guns (Musikal)
Kamilla, Malene og Ina med sjølskriven sang og melodi (Singer/Songwriter)
Seljord Folkehøgskule
Jakob Naadlandsveg 33, 3840 Seljord
Tlf: +47 35 05 80 40 / Fax: +47 35 05 80 41
E-post: kontor@seljord.fhs.no

