Singer/songwriter-lina ferdig med innspelingane til årets linje-CD!
Like over nyttår sette singer/songwriter-lina seg som mål å vere ferdig med alle innspelingar til årets linje-CD til vinterferien. I dag var siste skuledag, og nettopp på denne dagen kunne alle puste eit letta ”ferdig”!
Med turné og konsertar framfor seg, er det viktig at singer/songwriter-elevane fungerer godt saman som eit team, og i dag var det nettopp teambuilding som var i fokus. I rein «ingen grenser»-stil måtte elevane finne vegen frå Kivledalen ned til skulen. Dei sleit seg gjennom laussnø og kratt, over åker og eng – alle med kvar sitt handikap!
Seljord Folkehøgskule har eit samarbeid med Rikskonsertane, og fekk sist torsdag besøk frå tre musikarar frå Nepal. Elevane på Singer/Songwriter og Musikk – Live! hadde workshop med Nepaleserane, og lærte to folketonar frå fjellandet som me skal besøke i mars.
«Bruk det du har» - prosjekt på singer/songwriter!
Julematen er fordøyd, og nyårets utfordringar har meldt seg for elevane på Singer/Songwriter-linja (SISO). Våren er fullbooka, og høgdepunkta står i kø: Turné, Nepal-tur, store og små konsertar og CD-prosjekt er blant det som står på agendaen.