• Singer-Songwriter

«Bruk det du har» - prosjekt på singer/songwriter!

IMG_0406Julematen er fordøyd, og nyårets utfordringar har meldt seg for elevane på Singer/Songwriter-linja (SISO). Våren er fullbooka, og høgdepunkta står i kø: Turné, Nepal-tur, store og små konsertar og CD-prosjekt er blant det som står på agendaen.

I dag hadde elevane på SISO eit spanande prosjekt: «Bruk-det-du-har»
Elevane blei delt i grupper. Gruppene fekk tildelt kvar sitt rom, og på romma skulle elevane i løpet av to timar lage ei framføring som skulle visast for dei andre i klassa. Det er viktig å merke seg at det ikkje var lov å bruke instrument for å løyse oppgåva. Resultata var mangfaldige, kreative og underhaldande! Elevane måtte ta i bruk reiskap, slik som stolar, pennar, kakeboksar, ventilar, ballongar osv. Ideen er at utfordringa skal gje inspirasjon til å starte låtskrivinga med forskjellige innfallsvinklar en kva dei er vande med, og det manglar i alle fall ikkje på kreativitet hjå årets SISO-elevar!

IMG_0406
Odin i djup konsentrasjon med sin framføring på ballong


IMG_0388
Erle og Tuva finn rytmen i veggen


IMG_0403
Ei appelsin har visst fleire bruksområde enn på påskefjellet. Her spelar Henriette appelsintromme mot bordet i Vestgarden.

Share on Myspace

Skoleruta

viskalender

 

Seljord Folkehøgskule
Jakob Naadlandsveg 33, 3840 Seljord
Tlf: +47 35 05 80 40 / Fax: +47 35 05 80 41
E-post: kontor@seljord.fhs.no