Nepalsk musikk fyller Seljord Folkehøgskule!
Seljord Folkehøgskule har eit samarbeid med Rikskonsertane, og fekk sist torsdag besøk frå
tre musikarar frå Nepal. Elevane på Singer/Songwriter og Musikk – Live! hadde workshop med Nepaleserane, og lærte to folketonar frå fjellandet som me skal besøke i mars.
Dei tre musikarane, Jiwan Rai, Sumar Kumar Sachin og Durga Prasad Khatiwada har eit års vikariat ved universitetet i Agder. Til dagleg er dei lærarar ved Nepal Music Center, som Singer/Songwriter og Musikk – Live! skal besøke når vi er i Nepal. Jiwan spelar tabla, Suman er vokalist, medan Durga spelar diverse fløyter.
Elevane møtte eit tonespråk, fraseringar og rytmer som ligg langt frå den vestlege musikktradisjonen, og møtet med den nepalske musikken inspirera oss – både som musikarar og låtskrivarar.
Møte som dette; der kulturutveksling på tvers av landegrenser finn stad, passar som hand i hanske i folkehøgskulens ideologi. Elevar og lærarar ved Seljord Folkehøgskule takkar for besøket, og gler oss om mogeleg enda meir til opplevingar og kulturelle møte i det spanande fjellandet i Søraust-Asia i mars!

थान्क यौ फोर यौर विसित. वे लुक फार्वर्ड तो सी यौ अगेन
Seljord Folkehøgskule
Jakob Naadlandsveg 33, 3840 Seljord
Tlf: +47 35 05 80 40 / Fax: +47 35 05 80 41
E-post: kontor@seljord.fhs.no

