Ingen grenser på Singer/Songwriter!
Med turné og konsertar framfor seg, er det viktig at singer/songwriter-elevane fungerer godt
saman som eit team, og i dag var det nettopp teambuilding som var i fokus. I rein «ingen grenser»-stil måtte elevane finne vegen frå Kivledalen ned til skulen. Dei sleit seg gjennom laussnø og kratt, over åker og eng – alle med kvar sitt handikap!
Ja, for det er lett å havne i si eiga boble når ein gjeng på ei linje som singer/songwriter. Ein brukar mykje tid for seg sjølv til låtskriving; både tekstar og melodiar, til studioarbeid, øving osv. Derfor er det kanskje spesielt viktig å ha fokus på at ein faktisk er i eit team – og som kjent blir resultata som regel best når ein jobbar saman!
I dagens oppgåve skulle altså elevane komme seg heim i samla gruppe, og inspirera av tv-serien «ingen grenser» hadde alle elevane hadde fått kvar sitt handikap. Utfordringane lot ikkje vente på seg, og elevane måtte hjelpe kvarandre fram gjennom terrenget. Med humøret på topp sleit dei seg fram i 12 kuldegrader og snø i skoen. Nokon såg ikkje kvar dei gjekk, nokon mangla armar, nokon kunne ikkje gå, medan andre ikkje høyrde noko. Men saman klara dei å komme seg over gjerde, ned skråningar og over store jorde med laussnø. I dag var alle avhengige av kvarandre, og elevane fekk verkeleg smake på verdien av å vera i eit team som fungerer!

I laussnøen var det dei som ikkje kunne gå som hadde størst vanskar
Utan synet er det fint å ha nokon som ikkje kan snakke til å vise veg, og når ein ikkje kan gå kan ein utan armar hjelpe deg fram

Den vanskelegaste etappa er overstått. Gjengen er litt slitne, men fornøgde!
Seljord Folkehøgskule
Jakob Naadlandsveg 33, 3840 Seljord
Tlf: +47 35 05 80 40 / Fax: +47 35 05 80 41
E-post: kontor@seljord.fhs.no

