• Singer-Songwriter

Singer/songwriter-lina ferdig med innspelingane til årets linje-CD!

Like over nyttår sette singer/songwriter-lina seg som mål å vethumb_Henriette_i_studiore ferdig med alle innspelingar til årets linje-CD til vinterferien. I dag var siste skuledag, og nettopp på denne dagen kunne alle puste eit letta ”ferdig”!

Perioden mellom jul og vinterferien har vore travel på SISO, og for å få ferdigstilt CD-en i tide hadde me eit stramt tidsskjema som ikkje måtte sprekke. Men med fantastisk innsats frå kvar enkelt elev – og frå gruppa som heilhet, gjekk planen tilnærma smertefritt. No ligg resultatet klart til mastring!

Det er eit veldig bra og spanande resultat årets SISO-klasse har klart å lage. På CD-en blir det i alt 9 låtar, og dei spenner frå rolege ballader til rock. Noko er produsera med fullt band, medan ana er enklare i framtoninga, med t.d. piano, vokal og kor.

Me har fått Sigurd Ytre-Arne til å ta jobben med å ferdigstille mixen.

Men for å få ein CD treng ein meir enn berre fine låtar og gode innspelingar. I ei tid der det meste av musikk distribuerast på nettet, med program som Spotify, Wimp og iTunes, er me på Singer/Songwriter-lina kanskje noko gamaldagse: Ein CD er og blir ein CD – det vil sei ei fysisk skive med cover som du kan ta og føle på! Difor er det å lage eit cover ein viktig del av prosjektet, og også her er elevane engasjert i heile prosessen. Ingenting er overlatt til tilfeldigheitene, og elevane har søkt ekspertise hjå ein elev på Bildekunst-lina til å teikne og designe cover.

Målet er at det ferdige produktet skal ligge klart på Seljord Folkehøgskule når elevane kjem tilbake frå påskeferie. Du som les dette tenker kanskje at me dermed har god tid, men då kan du tru om att: I mellomtida står nemleg fyrst turné, og deretter to veker i Nepal på plakaten! Det kan av den grunn tenkjast at ei veke med vinterferie no er sårt tiltrengt. God ferie!
 Henriette_i_studio

Share on Myspace

Skoleruta

viskalender

 

Seljord Folkehøgskule
Jakob Naadlandsveg 33, 3840 Seljord
Tlf: +47 35 05 80 40 / Fax: +47 35 05 80 41
E-post: kontor@seljord.fhs.no