Låtskrivarar søker inspirasjon!
"Genialitet er én prosent inspirasjon og 99 prosent hardt arbeid", sa oppfinnaren Thomas Edison. Og inspirasjon kan ein finne mange stader!
Å vera ein genial låtskrivar i vår tid er vel eit vidt begrep. Det er vanskeleg å stadig stadig finne opp kruttet i eit fag som har utvikla seg over fleire hundre år. Men éin ting treng ikkje takast opp til drøfting: Midt opp i all konsertverksemd, musikkteori, forum og studioaktivitet treng elevane på Singer/Songwriter-linja inspirasjon - og inspirasjon kan ein som kjend få på mange måtar!![]()
Tidlegare i haust var Singer/Songwriter-linja på "inspirasjonstur" i skogen. Turen gjekk til Bjørgenuten, der elevane fyrst fekk nokre konkrete oppgåver, før dei fordela seg utover på kvar ein knaus og kjende skogens sus smyge seg inn i sinnet. Det å skulle sitte heilt stille i skogen over lengre tid, utan mobiltelefon og andre underhaldningsgjenstandar, verka for nokre litt utfordrande. Men utfordringa tok dei - og resultata lot ikkje vente på seg! For det er nemleg som Odd Nordstoga syng i songen "Fuglen": "Ikkje noko stort noko, men trengs gjer og dei små tankar som ein ikkje fær før dei blir venta på."
Så, om genialitet berre er éin prosent inspirasjon - så er i alle fall denne eine prosenten heilt avgjerande for at ein skal bli ein hundre prosent genial låtskrivar!
Seljord Folkehøgskule
Jakob Naadlandsveg 33, 3840 Seljord
Tlf: +47 35 05 80 40 / Fax: +47 35 05 80 41
E-post: kontor@seljord.fhs.no

