Unge på flukt. Gripande og sterkt!
- Roar A. Klever Bøye

- 6 days ago
- 1 min read
Laurdag 8 .november inviterte Seljord folkehøgskule til eit meiningsfullt arrangement med fokus på unge på flukt, utenforskap og inkludering.
Høgdepunktet var møtet med Aziz Azizi som delte sin personlege historie om flukt frå krigsherja og autoritært samfunn, og vegen mot integrering i vårt demokratiske samfunn. Med imponerande livstru og djup takksemd til det norske samfunnet, gav han alle eit nært og rørande innblikk i korleis det er å vekse opp som flyktning.
Etter føredraget var det tid for spørsmål og samtale. Dagen vart avslutta med eit felles måltid.
Arrangementet var støtta av prosjektmidlar frå Barne – og familiedepertamentet.
Rektor Kristine Rønning








Comments