
MÅL OG VERDIAR
Verdigrunnlag og målsetjing
Seljord Folkehøgskule er ein frilynt og allmenndannande skule med basis i norsk folkehøgskuletradisjon. Nicolai F. S. Grundtvig sine tankar om folkehøgskule og folkeleg opplysing var utgangspunktet for at Viggo Ullmann starta opp Telemark Folkehøgskule i 1880, og som seinare er blitt til Seljord Folkehøgskule (frå 1971). Tankane og verdiane frå den gong er framleis kjerna i dagens folkehøgskule. Som frilynt folkehøgskule vektlegg vi folkeleg opplysing og fri meiningsbryting uavhengig av religiøse og politiske syn. Internatlivet og ansvar for fellesskapet inngår som ein viktig og integrert del av det å vere elev på Seljord Folkehøgskule.
Skulen skal legge til rette for at kvar elev kan orientere seg i samtida si, og tileigne seg kunnskap, ferdigheiter, innsikt og haldningar for å kunne gjere eigne val og delta aktivt i samfunnslivet.
Undervisinga skal vere prega av eit pedagogisk og metodisk mangfald, fri for pensum og eksamen. Folkehøgskulen er eit samtalebasert skuleslag. Grunnsteinen i pedagogikken skal vere den erfaringsbaserte frie samtala med aktiv deltaking. Målet er djupare innsikt og forståing.
Om skolen
VISJON
Etter eit år på Seljord Folkehøgskule skal eleven ha utvikla seg både personleg og fagleg, og blitt meir merksam og reflektert på verda utanfor seg sjølv. Eleven skal få tru på seg sjølv, sjå eigne evner og moglegheiter, og ha tru på framtida.
SLAGORD / MOTTO
Vårt hovudslagord er: Seljord Folkehøgskule – så mange muligheter!




