top of page

Paraglidinglinja på tur

Første stopp var Hafjell for å sykle downhill. Her var det nok av utfordringar for alle! Vi gjekk derifrå med høgt adrenalinnivå og eit smil om munnen.


Vidare gjekk turen til Vågå, der vi overnatta ved Rikssenteret for hang- og paragliding. Her møtte vi ei klasse frå Torshus Folkehøgskule, som også driv med paragliding. Trass i at vêret ikkje tillot oss å flyge frå fjelltoppane, kunne vi trene på flatmark og i ein liten bakke. I tillegg fekk elevane prøve både rafting og klatrepark.

Ei veke i lavvo virka overveldande før vi reiste, men alle kom seg gjennom det også. Vi gler oss til meir flygeaktivitet framover!



Tekst og bilder: Hallvar M. Seljebotn


bottom of page