Seljord Folkehøgskule har gjennom ei årrekke hatt solidaritet høgt på dagsorden – både gjennom å samle inn pengar til skulens solidaritetsprosjekt, og gjennom praktisk arbeid og møte med folk fjernt og nært. Hovudfokuset er og har vore på Nepal, der folkehøgskulens elevar samlar inn pengar til vår samarbeidsorganisasjon CWIN. Dei jobbar for borns rettigheiter i Nepal, og har i 35 år hjelpt born og unge med utdanning, redda ungar frå barnearbeid, gjenforent familiar m.m. Seljord Folkehøgskules solidaritetsprosjekt går til utdanning for ungar og ungdom, og skulen har besøkt Nepal og CWIN mange gonger.
I tillegg har solidaritetsprosjektet øyremerka midlar, som skal gå til prosjekt som elevane syns er viktig. I år har me 100 000 kr til dette føremålet. Etter grundig vurdering og avstemming har elevane bestemt å gje 50 000 kr til Røde kors, og 50 000 kr til Unicef. Båe aktørane jobbar med bistand i Syria og Tyrkia etter jordskjelvet, og me håpar og trur at pengane kan kome godt med i det viktige arbeidet deira!
Me ynskjer å takke alle som har støtta vårt solidaritetsprosjekt, og elevane, som har jobba dugnad og på andre måtar samla inn pengar. Saman kan me gjere ein forskjell!
Comments